Open Form 50 år

  • This article was written in November 2009 marking the 50th anniversary of Open Form. It is only available in Norwegian (Nynorsk).

Open Form 50 år vert markert i år: Internasjonalt med ein månads kontinuerleg seminar frå 10. november, i byen Guangzhou i Kina, og nasjonalt med det årlege Oskar Hansen – symposiet på BAS den 18-19. desember.

Open form i norsk arkitektur har ein særskild plass, frå norsk bygningshistorie, særleg byggemåten på Vestlandskysten og Vesterhavsøyane, til den nye etterkringsarkitekturen der Knut Knutsen viste det same, som skulle få sine motpartar i debatten, men og ein norsk modernisme utforma av sjølvstendige og markerande arkitektar.

Denne debatten var såleis parallell med, og hadde same utgangspunkt som, dei unge etterkrigsarkitektane førde i Europa.

Open Form som ei internasjonal rørsle i arkitekturen fekk atterklang her i landet.

Lat oss her sjå det norske i høve til det internasjonale


FOR 50 ÅR SIDAN,

i Otterlo i Nederland, fekk me eit tidsskifte i arkitekturen, eit retningsskifte i den internasjonale modernismen. CIAM, leia av le Corbusier og SigfriedGideon, vart offisielt lagd ned. Det hadde teke 5 år lengerenn planen å få til det 10. CIAM, den Internasjonale Kongressen for Moderne Arkitektur. Teamet for den 10. kongressen hadde jobba og krangla, og teke si tid. Dette Team 10, dei unge etterkrigsarkitektane med støtte av den eldre nederlandske arkitekten Jacob Bakema, ville vekk frå dei stive reglane for moderne arkitektur som CIAM hadde utvikla.

Team 10 kalla inn til avviklingsmøte. Vel 40 møtte, frå heile verda, 3 av dei frå Noreg: prof. Arne Korsmo, assistenten hans, Terje Moe, og arkitekt Geir Grung. Den norskætta Oskar Hansen, frå Warszawa, var innbeden særskilt av Team 10.Gjennom sine og kona Zofia sine prosjekt, og med eit klårt ideologisk postulat,presenterte Oskar Hansen det som skulle koma i staden for dei stivna arkitekturreglane:

Open Form, det hjelperådet som kunne rå med det store talet (le grand nombre).

Oppattbygginga, den tiltakande urbaniseringa, demokrati på ny, røystene mot inhumane styringsvelde, og arkitekturen vekk frå maktuttrykk, var programmet. Arkitekturen hadde vorte nytta til undertrykking samanhengjande i Europa frå romartid til vår tid. Dei nye visjonane stor for nye byggformer, uttrykk for antimakt, og ny alternativ arkitektskule. Dette eri korte trekk det viktige med Open Form etter 2.verdskrigen. Dette er framleis åndskampen i arkitekturen i vår tid.

DET NORSKE, BAKGRUNNEN I VÅR EIGA ARKITEKTUR OG BYGNINGSHISTORIE:

Her i landet var OPEN FORM ikkje noko nytt fenomen, men detvart ordlagt og sameint med den nye internasjonale arkitekturen etter 1959.

Langs norskekysten var Open Form naudsynleg. Det er norsk kulturhistorie.

I vår tid tyder Open Form arkitektonisk frigjering.

Samanbygde hus var ei opa påbyggingsform både på gardar og sjøbruk. Tradisjon går attende til langhuset, og utvikla seg gjennom tidene til skiftande arkitektoniske formsvar i høve til hardt klima og nøysam drift. Dei finst framleis i autentiske utgåver frå vindfull strandflate til langt inne i fjordar og dalar, samanbygde husformer i høve til vindretninga, eller som rekkjetun og klyngjetun.

Etter 2.verdskrigen fekk Noreg ei arkitekturretning med friar byggformer, som løyste noko på det regelbundne og formaletstetiske. Dette er ei særs interessant vending i den abstrakte modernismen, før dei opprørske arkitektmøta i Europa kravde sine endringar.

Knut Knutsen sitt heradshus i Vågå (’47, prosjekt), hytta i Portør(’48), og ambassaden i Stockholm (1949) viser dette. Arven med open form frå vestnordiske langhus og samanbygde stover og løer var ikkje vekke. Internasjonalt ser me og likskapen til japansk open form frå borgar-bolken seint på 1800-talet. Stockholm-ambassaden har same opne struktur som Katsurapalasset i Kyoto. Arne Korsmo og Christian Nordberg-Schulz  bygde 3 hus i kjede i Planetveien, Oslo (’53-55), opne former både i struktur og interiør (Korsmo). PAGON viser husrekker med vekst ut i klynger I prosjektet på Arnebråten, Oslo (’55). Dette ville ha ført norsk urbaniseringsform tidleg på nye interessante vegar, om det hadde vorte realisert. Diverre gjekk det ikkje slik, men er velkjent frå CNS si norske arkitekturhistorie, som og er faktareferansen for mykje i denne artikkelen.

I staden la dei fleste arkitektane framleis vekt på geometriske, teknologiske og rasjonelle, eit anna uttrykk for det sosiale og demokratiske, ein invitasjon til rasjonell produksjon så vel til standardiserte småhus: elementbyggeri, produksjon av typehus, flexi-hus og teknisk kombinatorikk, her som i Europa elles, og USA. Våre beste, Korsmo, Utzon og gruppa PAGON med fleire,gjorde frontarkitektur ut av dette og. Jamfør strålande resultat med Sydney-operaen og Hjertholm sine kyrkjer. Det var opne romstrukturar og byggesystem. Det opne uttrykket låg i menneskeskala og individet sin posisjon, i staden for symbol og maktdemonstrasjon. Slik og med Sverre Fehn sine små, poetisk varierte  paviljongar, opne mot samfunnsrommet i Brüssel og Venezia. Strukturalismen vart premiert,  Lund og Slåtto vann alle offentlege tevlingar, praktisk talt. Her talar me om dei gode døma med ideologi og vilje.

DET INTERNASJONALE,

CIAM og Athen-charteret med sine skjema hadde overlevd si tid.

Alison Smithson, samfunnsvitar og medlem av Team 10, skriv: ”The decisions taken in Otterlo didn’t come as a surprise. The CIAM had been gradually approaching a self-dissolution from Bridgewater, trough Hoddesdon, to the split in Dubrownik in 1956.” Dette var eit opprør ved den unge arkitektgenerasjonen etter krigen. Referat frå førebuande møte og heftige diskusjonar var kjentgjorde, der m.a. Reimo Pietelä og Oskar Hansen (frå kontoret Pierre Janneret, Paris) var med.

Dermed vart den internasjonale arkitektkongressen CIAM berre ståande att i sogeboka. Ei ny tid hadde teke til,  individet sin identitet sette dagsorden. Ideen og teorien om Open Form vart den nye fronten.

I NOREG

Arne Korsmo, som deltok i Otterlo 1959, inviterte Oskar Hansen få år etter, i 1963, til NTH, til Oslo og Arkitektnytt.  Slik vart  Open Form introdusert her i landet, og vart det aktuelle temaet mellom arkitektane. Lund og Slåtto erklærte seg for Open Form. Andre bygde OPEN FORM utan varedeklarasjon.

OSKAR HANSENOPEN FORM, OTTERLO 1959:

einskildmennesket i den store massen. No galdt det alle individ, det store talet, å sjå individet. Før dette hadde modernismen sitt abstrakte formspråk fridd arkitekturen frå klassesamfunnet sine symbolske former og dekor. Så kom Team 10 og Open Form med målet å gå eit steg vidare: å fri seg frå maktutøvande uttrykk i arkitektur og rigide skjema.

MedMonumentvegen for Auschwitz førte Oskar Hansen dei etterlevande til møtes med kvar einskild i eit ope landskap, på skrått og fritt gjennom det undertvingande romerske bymønstret.

I bustadgrenda Rakowiec fekk kvar huslyd sin særskilde plass og visuell identitet i eit arkitektonisk landskap, og individet fekk fatteleg posisjon fellesrommet.

Utvidinga av kunstgalleriet Zacheta i Warszawa viste ein ny byggemåte, som ein del av bruksprosessen. (Med tilsvarande eigenskapar vann Piano og Rogers tevlinga om Pompidou-sentret eit par tiår seinare.)

OPEN FORM VIDARE I NOREG.

Operaen i Bjørvika, Politihuset på Grønland, Loddefjord skole i Bergen og Brekkestranda hotell  ved Sognefjorden.

Snøhetta er dei som sist fekk det til, den klassiske operaen med eit svar i nybygt ope landskap. Tidlegare hadde Telje, Torp og Aasen gjeve eit  arkitektoniske uttrykk til ei ny og tenande samfunnsrolle til politiet. I skulen vart elevane frigjorde frå militær orden og disiplin, med meir individuelle høve mellom elev og lærar. Viser her til Loddefjord skole av Borgen, Brochmann og Hatløy. Og hotellgjesten vart fridd frå palass-konseptet, og fekk ein meir frittvald plass ved Simonnæs sine handforma matbord og senger, med sitt utsyn over Sognefjorden.

MEN DEN NORSKE BUSTADBYGGINGA, FRAMLEIS SKJEMATISK, RASJONELL OG ANONYMISERANDE.

Halvoffentleg utbygging med stor politisk makt produserte blokker og miljø i makroskala, – massebygging, udifferensiert, utan individuell identitet, innestengt. Menneskerett vart knapt nok nemnt. Alvorlege hint kom med Ammerudrapportane, men desse greidde ikkje setja namn på problemet; det som nett Team 10 og Open Form hadde gjort i Otterlo.

SOM DEN INTERNASJONALE:

Makta, med hjelp av Athen-chartret rådde lenge. Bustadkooperasjonen heldt på makta og skjemaet,  og gjer det framleis, i staden for å tillata innbuarane frigjering ved eiga handling, eigeninnsats og medverknad for heim og heimstad. Makta brukar oftast heller servile arkitektar for 2.gang til å halda blokkene i sine gamle konsept. Modernisme vert skifta ut til dels med postmodernistisk barokk. Makta rår, innbuarane vert haldne anonyme. Skjemaet er nok løyst litt opp, men berre med estetiske variasjonar for å selja.


DEN NORSKE OPNINGA

på 60-talet førte ikkje fram, trass i dei gode resultata til Korsmo-elevane Telje, Torp og Aasen (med fleire offentlege bygg), og Per Kartvedt (m/team), studentbyen på Steinan, Trondheim. Det sistnemnte vart ikkje realisert. Mitt eige framlegg i tevlinga om studentby/universitetsutbygging Sognvann-Blindern (’67) nådde Arkitektnytt, men ikkje lengre. (Då hadde Oskar Hansen vist sine fyrste lineære bystrukturar, og hadde sine større bustadanlegg under bygging.)

OPEN FORM I DAG, GJELD INDIVIDET SIN POSISJON OG IDENTITET I LANDSKAPET

Politihuset i Oslo(’67-78), av TTAa, er eit av dei viktige norske døma på ny, opa form; for sosialdemokratiet, som synleg tenande i form, og humant i uttrykk og målestokk. Det inviterar og inkluderar byen og landskapet. Loddefjord skole (’70-74) gjev barnet og læraren på ny posisjon og identitet i landskapet. (CNS: Noregs Kunsthistorie nr,7, Gyldendal ’83.)

Operaen, det siste dømet, er meir enn eit bygg. Det er eit landskap som tek deg inn i ein ny dimensjon av bylandskapet, ut på fjorden og opp til Ekebergåsen.


INTERNASJONALT SOM NASJONALT:

”Towards Open Form” tyder ikkje å finna den perfekte ”Opne Forma”. Det er  ei sjølvmotseiing. Ikkje mindre, me kan søkja  element som opnar, og skipa nye relasjonar og andre byggeprosessar:  ikkje stansa, ikkje hindra, ikkje lukka. Alle arkitektar søker utvikling, og viser situasjon og notid. Kring i landet oppdagar me no dette. Kring i heile verda ser me alt meir dei nye forsøka. Alle treng nye og opne løysingar.

SAMANFATTA, SJÅ OG LES VÅR SAMTID:

Ghery:  mange arkitektar trur løysinga er X. Men det er det ikkje. Det er X, + x, + x, + x, +…..

Lucien Kroll skriv om sustainability og individet heimesida si:  Ein lagar det ikkje på ordre. Utan ein medverknad av grupper av konsulterande personar, tilfeldige eller sanne framtidige innbuarar, vert me verande i den triste einsarta  homogeniteten til den industrielle nøytraliteten.

Think  Tank i Carracas : sitat a-nytt 10/08 (ref. 24.11.2008 Odd Iglebæk: Habitatdagen i Oslo): Sats på slummen.

170 i minuttet. 200 000 kvar dag. 70 millionar kvart år. Så mange menneske flyttar kontinuerleg inn til verdas storbyar. Dette tyder at det kvart einaste sekund må byggjast ein ny bustad for å halda tritt med denne veksten.

Tallet berre veks.
Spørsmålet er korleis ein skal løysa dette problemet. Realiteten er at det finst berre ein metode: å satsa på slummen i seg sjølv, på dei som bur der. Berre dei, og ingen andre. kan bygge så mange husvære som trengst. Langt på veg er det  dette som skjer i Asia, Afrika og Latin-Amerika, fortel Neuwirth. I dag bur ein milliard menneske i såkalla slumstrok. I 2030 vil dei vera to milliardar, og i 2050 vil dei vera tre.

Di meir makt folk har over eige liv og velferd, di betre vert det for alle.

BAS,den alternative arkitekthøgskulen, Bergen: ”Fyrst av alt gjeld det personen og språket, individet sitt visuelle uttrykk.” (BAS-boka 1999.) BAS underviser  internasjonalt. Det trengst fleire Open Form skular.

Oskar Hansen: føreordet I boka hans, Towards Open Form.Warszawa 2005:… indeed, years have passed – I’m in my eighties – this mono­graph – a glance back – I live again under capitalism, but this time in the conditions of an integrating Europe and a growing validity of the law of great numbers, which has been evoking mixed feelings of anxiety and hope…

….. but decisions and facts on the scale of a united continent – acts of wise economy that will not only create a new world for the Europeans themselves, but will also represent a refreshing im­pulse for other societies. Decisions that will eliminate unem­ployment and reduce tensions, that will save the endangered cultural values, and will also lead to migration flowsonthescale of the greater number,….

One such attempt, a voice in the debate on “enchanting” the society of a united Europe, could be a proposal to develop a new, ecological LCS (continuous linear settlement) system alongside existing sys­tems.


Svein Hatløy
Guangzhou
31.10.09

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: